Kveldsseto i Tandseterstugu onsdag 9. november kl. 19.00
Tandseterstugu i Lisser på Lesjaskog er ein del av Lesja Bygdemuseum og eit veleigna lokale for kveldsseto. Onsdag 9. november kl. 19.00 vil Arnfinn Kjelland og Hans Enstad snakke om gardsnamn og tolking av gardsnamn. Her vil det vera rom for spørsmål, innspel og synspunkt.
Arrangør er Lesja Historielag i samarbeid med Lesja bygdemuseum og venneforeninga ved bygdatunet. Det blir som vanleg kaffespleis (kr. 50) , og det er venneforeninga som ordnar med serveringa.
Vi ønskjer alle vel møtt!