Kulturprisen for 2018 til Audun Høgbrenna.
Audun Høgbrenna er ein god venn av Lesja historielag. Han har stilt opp for laget vårt ved mange høve, både som skribent, opplesar og på andre måtar. Vi gratulerer Audun med kulturprisen og gler oss til å vera med på å heidre han ved prisutdelinga på nyåret.
Historielaget var i år med på å gje ut den femte diktsamlinga frå Audun si hand; «Rips og rabarbra». Tonen i dikta er slik vi kjenner den frå tidlegare diktsamlingar , her er minne frå gamle tider, vare stemningar, frodig folkeliv og morosame poeng. Ein del av dikta er illustrert med gamle fotografi frå Lesja, og på omslaget er titteldiktet illustrert med ein nydeleg akvarell av lesjakunstnaren Kari Utgaard.
Denne boka må vera den perfekte julegåva til alle som set pris på Audun sine dikt og bygda som han hentar sine motiv frå. Boka er å få kjøpt på lokale butikkar eller direkte hos historielaget. Ta kontakt på tlf. 480 43 824 eller på e-post: romundseto@gmail.com «Rips og rabarbra» kostar kr. 250. Fram til jul sender vi boka portofritt med faktura vedlagt.