Gjestebok

Skriv eit innlegg

 
 
 
 
 
 
 
Felt markert med * er obligatoriske.
27 entries.
Olav skreiv den 20. februar 2013 kl. 20:31
Masse spennende lesning på en flott hjemmeside! Fortsett det gode arbeidet.
Arnfinn Kjelland skreiv den 3. januar 2013 kl. 12:02
Hei Heidi,
Det er nok slett ikkje sikkert at absolutt alle bustadar som har funnest i bygda vart med i bygdebøkene. Sjå t.d. om Endrestadstugu her: http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Bygdebok_for_Lesja/1_-_tilleggsopplysningar#Einbu_s._199

Bustaden må enten ha sett spor etter seg i dei skiftlege kjeldene som var innsamla under arbeidet, inkl. det bygdafolket sjølve gav meg informasjon om.

Kanskje du kan skrive om lag kvar staden er i høve karta i bd. 2 s. 540 eller 600 (viss det da ikkje er høgare opp)? og du kan gjerne skrive det inn på lokalhistoriewikien, under tilleggsopplysningar til bd. 2.

Det kan godt ha vore ein heim ovanfor vanglykkja, men eg tvilar litt på namnet "Utheim" - det er ei moderne namneform som ikkje var brukt i nemnande grad før på 1900-talet.

Det kartet du nemner er truleg det såkalla amtskartet frå 1849-51. Det hadde eg ikkje tilgang til da eg skreiv bøkene, men no er det skanna på www.norgeskart.no (Historiske kartserier --> Amtskart i menyen til venstre). Men oppløysinga er ikkje god nok til at eg er i stand til å sjå noko namn ovanfor Lia. Det eg les der er "l.st. Afdem" ("lille og store Avdem").
Heidi Pram skreiv den 17. juli 2012 kl. 14:06
He igjen!!
Om den før nevnde staden "Utheim".
Sundag var eg på Fjellmuseet i Lom, og i eit av utstillingsromma der, hang det eit gamalt kart over Lesja, meiner det var frå 1851. Frå Lesja, vestover, stod "Kolstad, Hogsvål, Steine, Hole, Lida, også opp for Lida stod det eit navn, og eg meiner det måtte stå "Utheim". Vanglykkja stod ikkje. Sjølv med briller var det vanskeleg å lese, men meiner bestemt det stod Utheim. Prøvde å fotografere men vart for uklart og mykje refleks frå glasplåta framfor kartet. Skal ta med forstørringsglas neste gong!

MVH Heidi Pram
heidi pram skreiv den 12. juli 2012 kl. 12:16
Hei! Har tidlegare nevnt dette for nokon i styret, mor avtala å møte Odd R Hole for å syne han denne staden, men dei gjekk i miss, var før mobiltlf-tida.
Ogofor Vanglykkja er det merker etter ein heim, som ikkje er nevnt i bygdaboka. Staden heitte "Utheim" Det er blitt fortald at Erik Steine var inne her og fekk traktering, "rummklining" medan han gjette. Det er vel truleg den Erik Steine som var født i 1832, kanskje var dette da i 1845-50??? Staden er opp og østafor Lia-åe, der to bekkefar går saman til eit. Hugsar at eg som liten var med og såg restar av steinmur, men staden er attgrodd med eine. Synes at denne staden/heimplassen må skrivast om, da den ikkje er nevnt i bygdaboka. Kva folk som budde her har eg aldri høyrt om. Rart at det ikkje er "hol" i slektshistoria der desse folka høyrer heime.Ved høve kan eg vere med å syne der eg hugsar at denne staden var. Truleg er det ein av Bellegardane som eig skogteigen der dette var.

MVH Heidi Pram
Arnfinn Kjelland skreiv den 16. april 2012 kl. 18:36
På foredraget på årsmøtet la eg att eit A4-ark med lenker til nyttige nettstader for leiting etter slekt. Eg har no òg lagt ut dokumentet her: http://tilsett.hivolda.no/ak/Lesja/Lenkesamling_slektsgransking.pdf

Og for dei som er interessert, har eg lenge hatt ei eiga nettside for bygdeboka: http://tilsett.hivolda.no/ak/Lesja/Index.html