Dugnadsfest i Jønsonbrenna
Fredag 16. februar var ein stor del av dugnadsfolket i Lesja historielag samla til den årlege dugnadsfesten. Det var «møllarane», boknemnda, Lorkvern-komiteen, styret og andre dugnadsfolk, og for tredje året på rad foregjekk festen hjå KM Bjørneby i Jønsonbrenna.
Leiaren i historielaget, Oddvar Romundset, ønskte velkomen og gjekk gjennom dei ulike dugnadsprosjekta laget har hatt det siste året og takka kvar enkelt især for den store innsatsen dei har lagt ned til beste for laget og for kulturvernarbeidet i Lesja.
I fjor vår var historielaget vertskap for årsmøtet i Gudbrandsdal Historielaget, og vi var da stolte av å kunne syne fram kva laget vårt gjennom stor dugnadsinnsats har fått til, både på Lorkverna og på andre område.
Tor Einbu og Tommy Paulsen presenterte deretter ein video dei hadde laga for historielaget. Videoen handla om oppbygginga og restaureringa av Lorkverna det første tiåret etter tusenårsskiftet. Den var produsert på grunnlag av opptak som Otto Kornkveen hadde gjort. Videoen har tittelen «Lorkverna – frå forfall til ny aktivitet» . Den vekte stor begeistring i forsamlinga og leiaren overrekte blomster og takk til Otto, Tor og Tommy.
Lesja-sangen vart songe unisont før Marit Tordhol serverte nydeleg kjøtsuppe med rundstykke attåt. Seinare song vi møllarvisa, og Audun Høgbrenna las eigne dikt til stor glede for forsamlinga. Etter kvart vart det kaffe og kringle å få, og dei frammøtte hygga seg med prat og gode historier til langt utpå kvelden.
Videoen er no tilgjengeleg på nettet; berre klikk på linken vi har lagt ut til høgre på heimesida. Videoen vil også bli lagra på minnepinnar som blir å få kjøpt slik at videoen kan køyrast uavhengig av nettet.
Audun Høgbrenna les om rabarbra og ripsbusk!