Boksignering på Dombås torsdag 20. desember frå kl. 12.00
Årets vinnar av kulturprisen for Lesja, Audun Høgbrenna vil vera å treffe i gangen utanfor Coop Mega på Dombås torsdag 20. desember frå kl. 12.00. Den siste diktsamlinga hans, «Rips og rabarbra» vil da vera å få kjøpt med personleg helsing frå forfattaren.
«Rips og rabarbra» har mange gode dikt i velkjent Audun-stil. Her er vare stemningar, morosame poeng, frodig folkeliv og refleksjonar over livets mange sider. Dette må vera den ideelle julegåva til alle som set pris på folkeleg lyrikk og som har røter i bygdene våre.