Heim » Nyheiter » Bjørg Nordset får Lesja kommunen sin kulturpris for 2017
Nyheitsarkiv
Bjørg Nordset får Lesja kommunen sin kulturpris for 2017
Kaffepause heime hjå Bjørg under arbeidet med kakejernboka.Livsløpsstyret i Lesja vedtok i møte 20. november at Lesja kommune sin kulturpris for 2017 blir tildelt Bjørg Nordset. Lesja Historielag vil ønskje Bjørg til lykke med prisen! Den er så fortent og vi er så stolte av å ha ein slik ressursperson blant våre aktive medlemmer.Bakgrunnen for at ho får denne prisen og grunngjevinga frå livsløpsstyret er følgjande:Bjørg Nordset har gjennom ei årrekkje vore engasjert i ulike typar kulturarbeid, og er ein tradisjonsberar av rang, særleg innan matkultur. I Lesja har vi rike mattradisjonar som har vore halde godt i hevd. I 1995 gav Lesja bygdekvinnelag ut boka Mat frå gard og grend – om mat og matkultur i Lesja og Gudbrandsdalen gjennom 100 år med Bjørg Nordset som redaktør. Boka er blitt svært populær og har kome i fleire opplag; 4. opplag er i sal nå. Boka har bidrag frå heile bygda, men det er ingen tvil om at Bjørg drog det tyngste lasset og at boka er prega den store kunnskapen ho har om mat og matkultur.Før jul i fjor gav Lesja historielag ut med boka «Kakejern» med Bjørg Nordset som forfattar. Boka byggjer på eit stort registreringsarbeid som er utført av eldsjeler i Lesja historielag med Odd Reidar Hole i spissen. Boka tek for seg utviklinga av både kakejerna og kakene – og viser kva for rik kulturtradisjon kakejerna representerer både i smedkunst og matkunst. Så langt vi veit, er dette første gongen denne kulturtradisjonen er komen i bokform. Bjørg Nordset har sterk bakgrunn i mattradisjonane i Lesja og har utdanning frå Statens lærarskule i husstell på Stabekk. Ho har ei lang yrkeskarriere bak seg som lærar i heimkunnskap i grunnskulen. På fritida har ho vore kurslærar og fagansvarleg på fleire nivå, frå matkurs i regi av det lokale bygdekvinnelaget til meir langvarige og kompetansegivande kurs på høgskule- og universitetsnivå, med kurs på Hjerleid og i Midt-Gudbrandsdalen.For Lesja historielag har Bjørg i mange år lagt ned ein stor innsats på fleire område. Ho har delteke som komitemedlem og matansvarleg på utallige kulturarrangement, ho har halde interessante foredrag om ulike emne innan matkultur og ho har støtta opp om arbeidet med Lorkverna og er fast leverandør av mjølposar med fargetrykk til Lorkverna.Bjørg Nordset har også stilt opp med kunnskapen sin og har late seg engasjere også i utviklinga av lokal verdiskaping. Ho var med i arbeidsgruppa «Separator’n» som var namnet på ad hoc-gruppa som vart danna i samband med nedlegginga av Lesja Ysteri i 1997. Dette vart forløparen til etableringa av Lesja Kulturkjøkken AS i 2001, som seinare vart til Avdem Gardsysteri AS (2005). I den tidlige fasa av historia til Avdem Gardsysteri hadde Bjørg ei vesentlig rolle, som kulturberar og gjennom praktisk arbeid med prøveproduksjonen.