Bakstjern på Hjerleidutstillinga
Søndag 17. juni deltok Lesja Historielag på Hjerleidutstillinga 2012, med presentasjon og utstilling av gamle kakejern eller bakstjern. I tidlegare tider var langskafta kakejern mykje brukt til å lage gode kaker for fest og høgtid i området vårt. På desse jerna steikte ein ulike kakeslag, mest kjent er vaflar, avlettar, goro og krumkake. Odd Reidar Hole har registrert fleire hundre slike jern i området vårt, og Bjørg Nordset arbeider med ei bok om emnet. Dersom du har eller veit om bakstjern som vi ikkje har registrert, må du gjerne ta kontakt med Bjørg.