Årbok for Lesja historielag 2024
No er det ikkje lenge att før årbok 2024 er å få kjøpt. Vi har planlagt bokslepp på Tunstugu torsdag 28. november kl. 19.00. Der blir det eit rikhaldig program med bokpresentasjon og bokprat. Artikkelforfattarane vil koma til orde, det blir servering og sjølvsagt boksalg.
I fjor kom årboka med ny lay-out og utvida format. Vi har fått mykje positiv attendemelding på dette, spesielt fordi illustrasjonane da kjem betre til sin rett. Årets bok kjem i same drakta som i fjor, men har enda fleire sider, heile 144. Som tidlegare er det stor variasjon i tema. Nesten tjue forfattarar har vore i sving. Nokre av dei har vore trufaste bidragsytarar i fleire år, og omlag ein tredjedel av dei er nye i vår samanheng.
Framsidebildet i år er eit sommarbilde av varden nedanfor. Varden frontar første artikkelen i boka som fortel om lokale vardebyggjarar av stort format.
Som vanleg vil elevar ved begge skulane drive dørsalg av årboka. Dei får god provisjon hjå oss, så dette dørsalget gjev eit godt tilskot til klassekassa. Lokale butikkar vil også etter kvart få årboka i hyllene så ho kan kjøpast der.
I tida fram mot boksleppet, driv vi med førehandsreklame for dei ulike artiklane på facebook. Der kjem det nye innlegg om lag tredje kvar dag fram mot 28. november.