Årbok 2012 er no i handelen.
Endeleg er Årboka 2012 for Lesja historielag komen frå trykkeriet. Som vanleg vil elevar i 6. klasse på begge skulane kome rundt og selje årboka. Dei får ein god provisjon som dei vil bruke til leirskule neste år. Årboka er også å få kjøpt i lokale butikkar og kostar 200 kr. Dette må vere den perfekte julegåva til alle som er interessert i lokalhistorie, og det gjeld ikkje minst utflytte vener og slektningar!