75 år sidan Gautsjøulykka

Den 25. september 1941 drukna 11 menn i Gautsjøen da båten dei sat i gjekk ned.  I 1998 vart det reist ein stein inne ved Gautsjøen til minne om denne ulykka. På steinen står ei metallplateplate med namna på alle dei som omkom. Da steinen vart avduka dette året vart det halde ei minnehøgtid både i bygda og inne ved minnesteinen, begge stader med stort frammøte av slektningar og venner til dei omkomne.  (Sjå om dette i årsskrift for Lesja Historielag for 1998.)

I år er det 75 år sidan ulykka skjedde, og ved det høvet vil Lesja historielag arrangere ei minnemarkering ved steinen. Vi har prøvd å informere alle som var berørt av ulykka men arrangementet er ope for alle! Vi vonar derfor at så mange som råd møter fram for å heidre minnet til dei som omkom på så tragisk vis. Markeringa skjer nøyaktig på 75-årsdagen for ulykka, søndag 25. september kl. 13.30.

Under minnehøgtida vil Rolf Sørumgård fortelja stutt om hendinga og  Jan Stavheim  vil lesa dikt, m.a. det han skreiv i høve reisinga av steinen. I 1941 var presten og kyrkja sentrale i sorgarbeidet etter ulykka, og kyrkja vil vera representert ved prost Paul Skuland.. Ola Ulfsby Bottheim vil forta bekransning av minnesmerket og det blir sang ved Jenny Imenes Nyløkken.

unnamed-1

Det blir parkering langs vegen, så vi oppmodar folk om å møte fram i god tid, da det kan bli eit stykke å gå. Vi satsar på at veret er med oss denne dagen! Vi tåler litt regn og ruskever, men blir det snøfall, kan det bli nødvendig å avlyse. I tilfelle blir det sett opp plakat ved bommen til Dalsidevegen.

Vel møtt!

 

Skriv ein kommentar