Medlemskap

I vedtektene for Lesja Historielag står det at ”alle som vil stø eller arbeide for føremålet til laget, kan bli medlemmer ved å betale årskontingent.”

Lesja har ei lang historie og rike tradisjonar på mange område, så vi har all grunn til å interessere oss for historia vår. Vi i historielaget er kanskje mest opptekne av den nære historia, kvardagslivet for folk flest slik det har vore levd i Lesja gjennom generasjonar.

Aktivitetane våre er mangfoldige. Vi har møte og kurs om historiske emne, vi har turar og markdagar, vi har dugnader, vi driv med maling av korn , stamping av tøy, blestring av jern og kolbrenning på Lorkvenne. Vi arrangerer Olsokfest på bygdatunet og Jonsokbrenning på Lorkvenne, og vi gjev ut ei årbok med mange interessante lokalhistoriske artiklar.
Ei viktig side ved alle aktivitetene er trivsel og sosialt samver, enten vi har markdag, dugnad eller er på møte!

Kontingenten er svært beskjeden, 100 kr. året, og kan innbetalast til konto 2081 07 16216, Lesja Historielag, Sigmund Kolstad, 2667 Lesjaverk, e-post: skolstad@bjorli.com

Har du spørsmål kan du kontakta oss på
Tlf. 48 04 38 24 Oddvar Romundset – epost: oddvar@fjellnett.no

Det er fint om du samstundes med innbetalinga sender oss eit brev eller ein e-post med dei opplysningane vi treng; adresse, tlf.nr., og e-postadresse.