Triveleg kveldsseto i Bø grendahus
Torsdag 10. oktober. Sigurd Bø fortalde frå eit langt jaktliv på Dalsida og i Reinheimen, med personlege erfaringar og meir overordna synspunkt på mellom anna tam vs. vill rein og alderen på fangsten i området.
Etter kaffespleisen frå Vennelaget vart det utveksla historier og erfaringar kringe ymse sider av kveldstemaet, med om lag 45 tilhøyrarar.



