Medlemskontingenten 2026

er som kjent kr 150. Alle som var medlemer i fjor fekk tilsendt ein giro enten som e-post eller e-faktura medio februar. Dei aller fleste har betalt – og medlemskontingenten er viktig for drifta av laget.

Men framleis er det nokre få som truleg har gløymt giroen. Dei har nå fått ei vennleg påminning i form av ein e-faktura som har hamna i nettbanken. Gå derfor inn og godkjenn den, og alt er i orden.

Og viss du som les dette ikkje er medlem – er det berre å klikke på Innmeldingskjemaet i høgremargen her, så får du eit enkelt skjema og blir registrert som medlem med det same. Du får ikkje kontingentgiro med ein gong, men det kjem om litt!

Skriv ein kommentar