Bjørg Nordset: Kakejern

 

Kakejern eller bakstjern har røter i forhistorisk tid og er gjennom tidene blitt brukt til å lage nattverdsbrød, men også kaker til fest og høgtid. Framleis er vaffeljernet flittig i bruk, og for mange blir det ikkje jul utan goro og krumkaker. I Lesja vil vi dessutan gjerne ha avletter og skrivabrød, og her fanst det frå gamalt gjerne fleire kakejern på kvar gard. Boka «Kakejern» tek for seg utviklinga av kakejerna og kakene og viser kva for rik kulturtradisjonen kakejerna representerer både i smedkunst og matkunst.

Bakgrunnen for at Lesja Historielag gjev ut denne boka, er at Odd Reidar Hole, mangeårig leiar og eldsjel i Lesja historielag, i si tid fekk gjennomført ei registrering av dei mange kakejerna som finst i bygda. Bjørg Nordset fatta stor interesse for dette materialet, og brukte det som grunnlag for å skrive boka. Frå før finst det ikkje litteratur på norsk om dette temaet, så det er litt av eit nybrottsarbeid Bjørg har gjort.

Bjørg Nordset er pensjonert lærar med tradisjonsmat som spesialområde. Ho var m.a. var redaktør for boka «Mat frå gard og grend» ei bok om tradissjonsmat i Lesja som har kome i tre opplag og som enda er å få.

Boka «Kakejern»kom ut til jul i 2016 og er framleis å få kjøpt. Den kan bestillast direkte frå Lesja historielag. Prisen er kr. 300,-. Porto kjem i tillegg.