Turstig i Lordalsmunningen

Lesja Historielag er no i innspurten med turstigen i området kring Lorkverna. Turstigen startar ved den gamle parkeringsplassen sør for Lorkverna, og ein føresetnad for å få fullført han, var bygginga av brua over Lora ved Lorkvenne.  Brua kom på plass i fjor, og både før og etter brubygginga er det nedlagt eit stort arbeid med merking og planering av stien. I prinsippet skal heile den nedre delen av stigen frå starten nede ved parkeringsplassen og opp til gapahuken ved Lorfossen ha universell utforming, dvs. vera tilgjengeleg med rullestol. Turstigen vidare opp frå gapahuken forbi Lorfossen, opp på nivå med Lordalsvegen og vidare nordover langs bakkekanten og ned att Lorsagvegen er nok meire krevjande, men skal vera lett framkomeleg med joggesko.

Arbeidet med stien er gjort på dugnad, og mange  har teke eit tak for å gjera stien lett tilgjengeleg for alle. Største kostnaden med stien utanom dugnadsarbeidet er inforemasjonstavlene om kulturminna og om naturen  i området. Heldigvis har vi fått god økonomisk støtte til dette både frå sparebankstiftelsen, fjellstyret, styret for Lordalen statsallmenning og smil-midlar frå kommunen, så til våren reknar vi med å ha alle ti tavlene på plass.    Sju av tavlene gjeld kulturminna i området. Lorkvenna er kanskje det viktigaste kulturminnet, men vi har også Lorsaga, Gammel-Bernt-saga, ismølla ved Lorfossen, kolmiler, tømmerhogst og verneområde/jakt og fangst. I Lordalsmunningen er det tydelege spor etter isen og vatnet sitt arbeid med landskapet, så vi har ein fyldig geologipost i tillegg til dyrelivet og fuglelivet i området. Bileta nedanfor er frå dugnadsarbeidet  medoppsetting av tavlene denne veka.

 

Dugnadsgjengen klar for innsats.

Dugnadsgjengen klar for innsats.

Ei lita pause i arbeidet i gapahuken. Tavla om ismølla vil henge på veggen inne i gapahuken.

Ei lita pause i arbeidet. Tavla om ismølla vil henge på veggen inne i gapahuken.

 

Tustigen vil ha adkomst frå fire kantar. I tillegg til parkeringa lengst sør, er det to parkeringsplassar ved Lordalsvegen som vil ha skilta adkomster til stigen. Folk som er dårleg til beins kan dessutan kome til stigen ved å ta av frå Lordalsvegen ved reinseanlegget og køyre fram til Lorkvernbrua. Ved parkeringsplassane vil vi setja opp informasjonstavler med kart over heile stien.

Ein kommentar to “Turstig i Lordalsmunningen”

  1. Olivia sa:

    Thanks for your comment Jon, I was pregnant then and believed I wod#nu&l8217;t survive it. Thinking back now it was hilarious, but I went through hell. I can’t really say when it stopped but it did, life can toss anything at us, it’s up to us to fight for our happiness.

Skriv ein kommentar