Stor gåve til Lesja Historielag

Den 28. februar 2012 mottok Lesja historielag ein giro frå Magnus og Ingrid Jøndal på kr. 100.000. Med giroen fylgde eit brev der dei gav uttrykk for at dei ønskjer å gje pengane som bidrag til bygging av ny bru ved Lorkvenne.

Vi vil rette ein stor takk til Ingrid og Magnus for denne storslagne gåva. Den gjev historielaget ein økonomisk handlefridom som gjer det mogleg for oss å få realisert bruprosjektet innan rimeleg tid. Vi har god von om at brua kan kome på plass  alt i sommar .

Skriv ein kommentar