Smedelevar frå handverkskulen på Hjerleid lærer blestring på Lorkverna

Ved høgstdag torsdag 3. september kjem 13 smedelevar frå handverksskulen på Hjerleid og 3 smedlærlingar til Lorkverna for å lære korleis folk i farne tider skaffa seg jern til reiskap og våpen. Dette er oppstarten av skuleåret på handverksskulen, og det er fjerde året på rad at Jostein Espelund lærer smedelvar teknikken med kolbrenning og blestring på det anlegget historielaget har bygd opp på Lorkverna. På torsdag skal dei bygge opp og tenne ei kolmile. Dei skal også bygge røstbål og røste myrmalmen slik at den blir klar for blestring, og dei vil  bygge om blestergropa for å prøve å gjera ho meire effektiv. På fredag blir det ny kolmile, ny røsting og prøveblestring. Frå torsdag til laurdag må dei halde kontinuerleg vakt over kolmila for å sikre at ho brenn riktig.

Laurdag 5. september blir det gjennomført blestring, og det er like spennande kvar gong om vi får jern som kan smiast, eller om det berre blir slagg. Blestring er ein komplisert prosess der litt kluss med temperatur, oksygentilgang e.l. kan hindre at vi kan rake jern ut av blestergropa. Vi kryssar fingrane for at dei skal lykkast med prosessen i år. På laurdag blir det open dag frå ca. kl. 12.00. Da er alle velkomne til å kome og sjå på at smedelevane lagar jern av lokalt råstoff! Kverna og stampa vil også vera bemanna, det vil vera kaffe på kjelen, varme på grillen og mjøl og Lorkvenn-krus vil vera å få kjøpt.

På biletet nedanfor ser vi  ei nybygd kolmile framfor fjorårets smedelevar med instruktør før kolmila vart dekt og tent.

166

Skriv ein kommentar