Rosemåling frå Lesja

Odd Reidar Hole/Tord Buggeland/Kåre Hosar: Rosemåling frå Lesja

 

Lesja Historielag ved Odd Reidar Hole har gjennom mange år i samarbeid med Maihaugen gjennomført registrering av rosemåla interiør og gjenstandar i Lesja og Dovre. Kunstverka er fotografert og beskrive etter eit skjema utarbeidd av Maihaugen.

Målararbeid til eit hundretals målarar frå tidleg på 1700-talet og opp mot vår tid er med i denne registreringa. Lesja omfattar i denne samanhengen det gamle kyrkjesoknet der også Dovre og Øvre Folldal var med. At nettopp Lesja har fostra så mange dyktige rosemålarar, trur vi heng saman med jernverket i Lesja og dei impulsane det gav til handverksmiljøa i Lesja.

Mange av målarane var svært dyktige i faget sitt, fleire var i tillegg dyktige smedar, møbelsnikkarar og treskjerarar og hadde ein stor produksjon.

Det er verdt å legge merke til at boka heiter «Rosemåling frå Lesja» og ikkje «Rosemåling i Lesja». Fleire av målarane arbeidde i andre bygder eller dei flytta ut og spreidde såleis rosemålingstradisjonen i vårt område til andre deler av landet. Dei fleste registreringane er gjort i Lesja og Dovre, men det er også registrert arbeid av Lesja-målarar i bygdene i Ottadalen, i Romsdalen, Eikesdalen og Sunndalen. Ja så langt unna som i Aure på Nordmøre og heilt nord i Bardu og Målselv i Troms finst det rosemåling frå Lesja.

Fordi rosemålinga frå Lesja er så rik og variert, oppstod tidleg tanken om å gje ut ei bok om rosemåling. For historielaget er det eit viktig kulturvernarbeid å gje folk kjennskap til denne kulturtradisjonen og til dei vakre meisterverka som målarar frå bygdene våre har utført. Boka vil også gjera folk kjent med personane bak verka og den tekniske og kunstnarlege bakgrunnen dei hadde.

 

Forfattarar er forutan Odd Reidar Hole, tidlegare førstekonservator ved Maihaugen Tord Buggeland og konservator same stad, Kåre Hosar. Også konservator Bjørn Austigard frå Eikesdalen og Romsdalsmuseet har skrive eit kapittel i boka. Det var Tord Buggeland som i si tid tok initiativ til registreringa. Han og Kåre Hosar har i fleire år samarbeidd med Odd Reidar Hole om bokmanuskriptet. Saman har dei også  fotografert og samla illustrasjonar til bokverket.

 

Boka kostar 360 kr. og er å få kjøpt i lokale butikkar.

Boka kan bestillast direkte frå historielaget frå Oddvar Romundset, Kolstadteigen 4, 2665 Lesja, tlf. 480 43 824 E-post: romundseto@gmail.com