Lorkverndagen søndag 28. juli kl. 12.00

24. juli 2019 | Ingen kommentarar

Vi ønskjer vel møtt til Lorkverndagen 2019 under Markens Grøde der korn er hovudtemaet. Det passar godt på Lorkverna, der er alltid korn og maling av korn hovudtemaet. I år har vi i tillegg teke tørrstugu i bruk til malting av korn. Malting var ein føresetnad for at dei kunne bryggje seg øl til fest og kvardagsbruk i gamle dagar. Maltingsprosessen skjer i tre faser. Først må kornet bløytast i tre dagar. Kornet vårt vart lagt til bløyting i Lora elv sist torsdag. Bløytinga set igang ein spireprosess, og etter dei tre dagane, vart kornet vårt lagt til spiring på skjellane i tørrstugu. Spiringsprosessen ser ut til å gå bra, og fram mot helga reknar vi med å gå i gang med tredje steg i prosessen, oppvarming og tørking. Under spiringa er stivelsen i kornet omdanna til sukker, og ved oppvarminga stoppar vi vekstprosessen og tørkar kornet for å ta vare på maltsukkeret. Det er dette som gjev gjæring når ein bryggjar.

På Lorkverndagen vil vi dessutan vise ein film som viser skuronn i gamal tid  –  dvs. hausting og behandling av korn. Og i stampa vil husflidslaget stampe ullstoff slik det vart gjort før i tida.

Det blir servering av vassgraut med skjør, kaffe, saft og bitetti, boksalg og mykje anna!

Inngang kr. 100,-

Biletet er frå Lorkverndagen i fjor da Rolf Sørumgård fortalde om jordgropsteiking av kjøtt

Markvandring på Dalsida onsdag 24. juli kl. 12.00

21. juli 2019 | Ingen kommentarar

Som ein del av Markens Grøde 2019 arrangerer Lesja Historielag markvandring blant kulturminna etter gruvedrifta på Dalsida på 1840-talet. Frammøte ved Verkensstugu på Filling onsdag 24. juli kl. 12.00. Der vil vi få ei orientering om gruvene i området om malmtransporten og om knuseverket ved Filling. Etter ein kaffipause forflyttar vi oss med bil og går til fots langs kulturstigen til gruvene ved Nyseterstyggeberget.

Deltakaravgift inkl. kaffeservering kr. 50,- kontant eller med vipps.

Alle er vel møtt!

Kveldsseto på Nygarden fredag 28. juni kl. 19.00

28. juni 2019 | Ingen kommentarar

Dagens eigarar av Nygarden på Lesjaverk, Marianne og Roar Bye inviterer Lesja Historielag til å ha kveldsseto på Nygarden. Temaet for kvelden er livet på Nygarden i gamal og nyare tid. Vertskapet vil saman med Einar Morken fortelje om liv og lagnad på ein gard få av oss veit noko om.

Kaffespleis – alle er velkomne.

NB: Avkøyring til Nygarden like sør for Søre Morken. Hugs å stenge grinda!