Olsokfesten 2019 på Lesja Bygdetun

I år fekk vi ein strålande olsokfest ute på tunet. Festen starta som vanleg med at Lesjasangen vart songen unisont, i år med tonefylgje på trekkspel ved Odd Dalum. Kveldens festtalar var nytilsett direktør ved Gudbrandsdalsmusea, Øystein Rudi. Han trefte publikum heime med interessante refleksjonar og gode historier. Han bidrog også saman med «Marit og karan» til ei festleg musikalsk ramme om olsokkvelden. Komiteen hadde stelt til eit storarta kaffebord åt oss, og praten gjekk utover kvelden. Til slutt vart det meire musikk så danselysten tok overhand hjå fleire! Festen vart leia med sikker hand av Aagot Sørumgård Botheim, og ho delte ut Lorkvern-krus til alle som bidrog til underhaldninga. Regndråpane som kom mot slutten av festen la ingen dempar på publikum, men verka berre til å understreke den magiske stemninga i olsoknatta.

Skriv ein kommentar