Milorgkåken i Reindølslia.

Vinteren 1944/45 vart det bygd to såkalla «milorgkåkar» i Lesja. Den eine vart bygd i skogen på Lesjaverk og den andre i Reindølslia på Dalsida. Formålet med desse kåkane var at dei skulle vera gøymestad for folk som måtte gå i dekning på grunn av illegalt motstandsarbeid. Olav Krokrud og Hans Solberg bygde kåken på Lesjaverk. Jon og Otto Sørumgård, Harald Nærlie og Martin Dehli bygde kåken i Reindølslia. Dei hadde eit stort strev med å få transportert materialar og få bygd kåken i Reindølslia midt på vinteren. Kåken var utstyrt med ein enkel feltomn og to køysenger. Det vart også lagra ein del mat i kåken.

Etter krigen gjekk kåken i Reindølslia i gløymeboka, og den var så godt gøymt at det var knapt nokon som gjekk seg på den tilfeldig. Thor Selsjord visste at kåken skulle vera ned for Skardfjellet, og det fanst eit par fotografi av kåken. Med dette som bakgrunn gjekk Terje Taraldsen, Rolf Sørumgård og Sigurd K. Bø innover Reindølslia for å leite etter staden den 8. oktober 2015. I kanten av ei lita myr oppdaga dei restane etter ein feltomn og like ved fann dei tuftene etter kåken.

Fredag 1. juni monterte Rolf og Sigurd på vegne av Lesja Historielag og Dovre-Lesja  krigsminneforrening ei informasjonstavle ved tuftene av kåken. På tavla er det bilde av kåken, det blir opplyst om kva funksjon den hadde og om korleis den vart attfunnen.

 

 

Skriv ein kommentar