Lorkverndag 6. juni kl. 12.00. – 16.00.

Lesja Historielag har invitert alle historielaga i Norddalen til ein Lorkverndag den 6. juni. Der vil dei få ei grundig omvisning og orientering om Lorkverna og  aktivitetene der. Vi vil demonstrere maling, stamping, kolbrenning og blestring. Grillen og kaffebålet vil vera tent, og vi vil ha god tid til ein hyggeleg historielagsprat attåt kaffekoppen. Det vil vera både kaffe, te og saft å få, og litt biteti også, men ta gjerne med niste for sikkerhets skuld.

Vi håpar på mange tilreisande frå nabobygdene, og vi vonar også at mange av våre eigne medlemmer finn vegen til Lorkverna denne dagen! Bileta er frå dagens førebuingar til storinnrykk laurdag 6. juni!

004 005

Skriv ein kommentar