Lorkverna

Lorkverna – eit levande industrihistorisk kulturminne – møllebruk, vadmålstampe, jernblestring og kolbrenning.

Turstig, natur og kultur, kaffebål og grill.

Omvising

Fredag – søndag ca. 20. juni – 20. august kl. 12.00-17.00. Lorkverna er elles open for besøk heile året.

UTM-posisjon: 32V Ø 481580 N 6887501

Historikk

Ei kvern ved Lora er fyrste gong nemnd i eit skinnbrev i 1326. «Loro kuæn» var nok eit mykje enklare anlegg enn dagens Lorkvern, og kanskje på ein annan stad. Dagens anlegg kan vera frå rundt år 1800. Lorkverna var viktig for bygda, fordi her var sikkert vatn heile året. Lorkverna, slik ho framstår i dag, er oppattbygd og restaurert av Lesja historielag frå tusenårsskiftet og fram til i dag.

SONY DSC

Foto: Tor Nørstegård

Området ved Lorkverna

Lorkverna ligg i lognande furuskog. Området høver godt for leik og avkopling for heile familien. Her er benkar og bord mellom velhaldne tømmerhus. Her kan du sjå korleis vatn vart nytta til drift i ulike arbeidsprosessar frå gamalt. Lorkverna er eit levande industrihistorisk kulturminne.

Lorkvernbrua

Brua vart bygd i 2012 med tradisjonell byggeteknikk, ein kombinasjon av utleggs- og sprengverkbru. Byggematerialar er malmfuru frå elvekanten og kampesteinar frå elva som fundament.

045

Kverna

Kverna er kopi av den som stod her kring 1920. På denne tida bytte den siste møllaren ut kvernkallen med turbinhjul. Han sette reimdrift på to sett kvernsteinar, slik at ein kunne male både matmjøl og grøype, eit grovare mjøl brukt som dyrefôr. Han bygde òg overbygg med gangbru på kvernhuset, slik at det vart lettare å handtere kornet.

_MG_7547

Møllarstugu
Sidan kverna ligg så langt frå bygda, budde møllaren her, i periodar budde heile familien hans her også.

Tørrstugu
Ho vart nytta til å tørke kornet før det kunne malast.

Stallen
Her kunne det vera plass til inntil fire hestar, og for eigaren var det plass til å sove på hemsen. Det var langt til bygds, og enkelte hadde så lang veg at dei måtte overnatte. Mykje av malinga foregjekk om vinteren, og folk og hestar trong hus.

035

030

Vadmålstampa
Her blir vovne ullklede tøvde, slik at dei blir vind- og vasstette. Stampa blir drive av eit overfallshjul.

Kolmila, jernblesteret
I mellomalderen vart jern utvunne frå myrmalm. Denne måten å utvinne jern på kallast blestring , som kjem av å blåse. Blåsebelgen blir drive av eit overfallshjul. Til blestring av jern treng ein trekol for å få høg nok temperatur, dette blir brent i ei kolmile.

IMG_6473

Smia
Dette er ei gamal gardssmie som vart flytta hit for å bli restaurert og teken i bruk att. Smia står oppe på det «varme» området, med jernblesteret og kolmila.

Vassinntaket, kanalen
Den gamle kanalen er rydda og i bruk, vassinntaket ligg ca. 200 meter lenger oppe i elva. Vatn grev og arbeider, og elva kan stige raskt utan varsel. På kanalen er det difor fleire utslag, slik at overflødig vatn kan førast attende til elva.

Aktiviteter på Lorkverna
Alle hus på Lorkverna står opne heile året, det er berre å gå inn. Ver snill og skriv namnet ditt i gjesteboka, og gjerne ein kommentar. Bruk gjerne bålplassen og grillen. Om sommaren er det fast omvisning og demonstrasjon av maling og stamping på Lorkverna laurdag og søndag, og det er nymale byggmjøl å få kjøpt. Eit par gonger om sommaren blir det brent trekol og blestra jern av myrmalm, og kvart år den 23. juni er alle velkomne til samling ved Lorkverna.

Ved spørsmål om tider for omvisning eller overnatting, ta kontakt med oss. Sjå www.lesjahistorielag.no

File fire persKaffikjel_7608

File gruppe

Historielaget får mange positive tilbakemeldingar frå besøkande fordi det er så godt tilrettelagt og velstelt på Lorkverna. Bak dette ligg ein stor dugnadsinnsats og store utgifter for historielaget. Vi oppmodar derfor alle til å gje eit lite bidrag ved besøk sjølv om kverna ikkje er betjent. Du kan også betale til konto 2085 27 25312. Og ver snill å forlate Lorkverna like ryddig og fin som da du kom!

Turstigen
Lesja Historielag har utvikla og opparbeidd ein turstig på ca. 5 km, i området på begge sidene av elva. Historielaget har ti informasjonspostar om kulturminna og naturen i området, og der Lorkverna er viktigaste kulturminnet. Turstigen har tre startpunkt, eitt ved starten på atkomstvegen til Lorkverna ved Storsvingen, og to ved Lordalsvegen. Gapahuken ved Lorfossen er tilrettelagt som rasteplass. Frå Storsvingen og dit er det 2,5 km og her er stigen tilrettelagt for barnevogn og rullestol.

Postane på turstigen er:
1. Kolbrenning, 2. Lorsaga, 3. Lorkverna, 4. Gammel-Bernt-saga, 5. Fuglar, 6. Lorfossen, 7. Verneområde, 8. Dyr i skogen, 9. Geologi, 10. Skogsdrift

019

Korleis koma til Lorkverna
Lordalsvegen tek av frå E-136 på Lora, skilta Lordalsvegen og Lorkverna. Etter ein km, vegkryss, køyr til venstre. Vidare bru over Lora, nytt kryss, køyr til høgre. Tre km langs smal veg, til parkeringsplassen. Derifrå er det gangstig 1,2 km til Lorkverna. Lett terreng, stigen egnar seg bra for barnevogn og rullestol. Luftambulansa har godkjent landingsplass ved Lorkverna.File gruppeFile fire pers(2)