Per Einbu og Arnfinn Kjelland: Setrane i Lesja i teikning og tekst

I denne boka finn du teikningar av og stoff om setrane i Lesja. Så godt som alle setrar som har eksistert er omtala, og alle som står i dag (så vidt vi veit) er teikna. Mange eldre setrar som nå er borte, er og teikna. Det heng mellom anna saman med det hellet at Per Einbu har teikna setrar i meir enn 50 år, blant anna mange av setrane på Dalsida før Aurareguleringa. Mange av setrane vart dessutan teikna etter foto i samband med denne bokutgjevinga.

Forutan teikningane og den historiske teksten, er det funne plass til historier frå seterlivet, nokre eldre artiklar,  mest frå Årbok for Gudbrandsdalen, og eit par intervju med eldre lesjingar som har opplevd livet på setra medan det var full drift, og som veit å fortelje om korleis det var

Boka kom ut i 1988 og er framleis å få kjøpt i lokale butikkar i Lesja, eller du kan bestille boka direkte frå historielaget.  (Sjå under Årbøkene 1983 – 2011.)