Bygdebok for Lesja, bind 1-3. Gards-og slektshistorie

Dei tre første binda av bygdebok for Lesja vart utgjeve i åra 1987 – 1996. Bøkene tek for seg alle heimar i bygda dei siste 400 åra og folket som har budd her. Bind I omfattar Lesjaskogen, bind II nørdre delen av hovudsoknet frå soknegrensa mellom Sandan og Mosenden til og med Hågå og bind III omfattar søre delen frå Klukkstad og prestegarden Hov til grensa mot Dovre ved Joramoen. I prinsippet omfattar slektshistoria alle som har budd i bygda frå 1600-talet til utgjevingsåret!

Alle tre binda er digitalisert, så du kan finne dei på nettet: Lesjaskogen, Nørdre del av Lesja hovudsokn og Søre del av Lesja hovudsokn.

Bind 2 og 3 finst framleis på lager og er få få kjøpt i lokale forretningar eller i ekspedisjonen hjå Lesja kommune. Bind 1 er diverre utseld og blir neppe trykt opp att med det første, men kan vera å få tak i på antikvariat.

Det vart òg utarbeidd ei forklaring på engelsk som vart levert som vedlegg til bøkene. Ein lett redigert versjon kan lesast her: English Introduction to the «Bygdebok for Lesja» Gards- og slektshistoria