Årbøkene 1983 – 2016


Lesja historielag vart stifta i 1981. Alt i 1983 gav laget ut eit årsskrift som inneheldt artiklar om lokalhistoriske emne. Seinare har årsskrifta kome til jul kvart år så nær som i 1988. Da kom  i staden boka ”Setrane i Lesja”, eit eineståande bokverk med teikningar og omtale av praktisk tala alle setrane i heile bygda. Spennvidda i stoffet er stort, frå enkle forteljingar om noko som har skjedd, til meir omfattande artiklar om eit vidare emneområde og med større ambisjonar. Tilfanget av stoff har endra seg sakte, over tid, etterkvart som kjeldematerialet er brukt. Og mange munnlege kjelder har tagna, medan nye kjelder har kome til. Historier frå nyare tid, som den oppveksande slekt ikkje kjenner til, er blitt historie. Historielaget har ei skriftnemnd med ansvar for å samle inn eller å skrive artiklane til årsskriftet. Dei første 8 åra var Arnfinn Kjelland redaktør for årsskriftet, deretter var Audun Einbu redaktør i 11 år fram til han døydde i 2001. Da tok Tor Einbu over, og han er framleis redaktør. Frå 2010 gjekk vi over til å kalle årsskriftet for årbok. Diverre har vi enda ikkje noko felles emneregister for alle årbøkene våre, men vi arbeider med å få det på plass. Er du interessert i lokalhistorie, er årbøkene våre vel verdt å eiga.. I motsetning til mange andre bøker, blir stoffet i årboka aldri forelda! Dersom du vil skaffe deg oversyn over innhaldet ved å bla gjennom alle årgangane, vil du finne dei på biblioteka i Lesja. Dersom du vil kjøpe årboka, er den nyaste å få på dei fleste butikkane i bygda. Historielaget har dessutan alle årgangane på lager, og dei er å få kjøpt til ein rimeleg pris. Vi har også for salg Arnfinn Kjelland / Per R. Einbu: ”Setrane i Lesja” som er nemnd ovanfor og ”Gamle hus i Lesja”, eit hefte frå 1984 som fylkeskonservatoren i Oppland gav ut. Bøkene våre kan du bestille på kontaktsida vår eller du kan vende deg til Sigmund Kolstad, Romsdalsvegen 3589, 2667 Lesjaverk. Tlf. 61 24 30 33 eller Oddvar Romundset, Kolstadteigen 4, 2665 Lesja. Tlf. 48043824. E-post oddvar@fjellnett.no Dersom bøkene må sendast, kjem porto i tillegg. Bøkene kan betalast til kto 2081 07 16216.

Prisliste: Årboka for 2016: Kr. 240

Årsskrift/årbok 1983 – 2015:  Kr. 100 pr. bok. 

Årsskrift/årbøker 1983-2016 samla: Tilbodspris kr. 3000 (Årsskriftet vart ikkje utgjeve i 1988)             

Arnfinn Kjelland og Per R. Einbu:  Setrane i Lesja : Kr 200 pr bok.

Gamle hus i Lesja:Kr. 50 pr bok          

Vi har også nokre eldre årgangar av «Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog» for sal. Pris kr 50 pr. hefte.