Kveldsseto

Søndag 25. september arrangerte Lesja Historielag og Venneforeninga ved Bygdatunet i samarbeid med Det Norske Samlaget «kveldsseto» med lyrikaren Guri Sørumgård Botheim i Bellestugu på Bygdatunet. Guri presenterte diktsamlinga si, ho las utvalde dikt,  fortalde om bakgrunnen for  dikta og tok imot spørsmål og kommentarar frå dei vel 50 frammøtte. Leiaren i venneforeninga, Marit Kolstad, hadde ordna med kaffeservering og varme på skorsteinen i Bellestugu, så det vart ein stemningsfull kveld for alle oss sambygdingar og andre som var møtt fram.

uudke3ae

Venneforeninga og historielaget ynskjer å arrangere fleire slike «kveldsseto». Plana er å ha det første torsdagen i kvar månad. I oktober får vi det diverre ikkje til, men vi satsar på å koma att sterkare neste månad, dvs. torsdag 10. november.

Skriv ein kommentar