Kveldsseto i tunstugu torsdag 14. februar kl. 19.00

Temaet er registrering av gamle buer i fjellet. Med det første vil vi legge ut eit dataprogram på heimesida vår der interesserte kan legge inn opplysningar om og bilde av gamle buer, burestar og læger , kulturminne som det finst mange av i fjellet i Lesja. Målsettinga er å få ein oversikt over det som finst av slike kulturminne, og at vi ein gong i framtida kan gje ut ei bok om dei.

Ola Tovmo har utvikla dataprogrammet, og han vil demonstrere korleis det kan brukast. Dovre Historielag har brukt det eit par år, og representantar frå laget vil vera med og fortelje om sine erfaringar med dette.

Skriv ein kommentar