Kveldsseto i Hattremsstugu på Bygdatunet torsdag 10. januar kl. 19.00

 

Temaet denne gongen er «Vegar før vegar var». Før bil og tog vart teke i bruk, var kontakt med folk i ein del av nabobygdene våre avhengig av ferdselsvegar høgt til fjells. Ottadalsbygdene, Sunndalen, Eikesdalen og Oppdal ligg slik til at å gå vegar over fjellet var det naturleg når ein skulle dit på besøk eller hadde eit ærend.

Etter ei innleiing, tek vi ein prat om dette temaet, og håpar at mange har kunnskap å dele med oss andre om kvar det har gått slike gamle ferdselsvegar.

Som vanleg er arrangementet i samarbeid med venneforreninga på bygdatunet og Gudbrandsdalsmusea. Kaffespleis  –  Alle er velkomne.

                         

 

Skriv ein kommentar