Kveldseto i Hattremstugu torsdag 8. november 2018 kl. 19.00

Det blir kveldsseto i Hattremstugu torsdag 8. november kl. 19.00. No har vi vore gjennom ei tid med innhausting av mat som skal brukast gjennom ein lang vinter. Temaet denne kvelden er tradisjonell konservering av mat som salting, raking, røyking, hermetisering, gjæring, sylting, turking, m.v. Etter ei innleiing, tek vi ein prat om dette og håpar mange har kunnskap dei vil dele med oss både frå tidlegare tider og frå i dag. Kaffespleis  –  alle er velkomne.

Skriv ein kommentar