Kakejerndag på Lesja bygdemuseum laurdag 8. juli frå kl. 10.00.

Lesja Historielag har som kjent gjeve ut bok om kakejerntradisjonen i Lesja med Bjørg Nordset som forfattar. Laurdag 8. juli er det full fokus på kakejern på Lesja bygdemuseum. I andre høgda på kornmagasinet er det rigga opp ei utstilling av innlånte kakejern frå Lesja som viser breidda av kakejern frå 1600-talet til i dag. Smidde 1700-tals avlettjern er kvar for seg kunstverk som smedar har utstyrt med sentrale dekorelement i europeisk kunsthistorie. Også nyare langskafta kakejern med støypte plater, «vaffelmaskiner» og meir moderne kakejern vil vera utstilt.

 

 

I alle hus vil det foregå steiking av ulike «jernkaker» som avlettar, skruller, goro, oog vaflar. Det blir også steikt skrivabrød på ondbekste frå avlettjerna på gamal og ny måte! Av «jernbaksten» vil det meste blir steikt på moderne jern, men i Bellestugu vil tidlegare stortingsmann Lars Velsand demonstrere avlettsteiking på gamlemåten i peisen. Han vil kåsere med utgangspunkt i sine erfaringar med kakejern, og Bjørg Nordset vil halde «historietime» med utgangspunkt i boka si om kakejern. Jernbakst av alle slag vil vera å få kjøpt på bygdetunet denne dagen, og eit par smedar vil arbeide med smiing av kakejern.

Lars Velsand steiker avlettar heime på garden sin på Hadeland

 

Skriv ein kommentar