KAKEJERN

Lesja Historielag gjev no ut Boka «KAKEJERN» med bakgrunn i ei omfattande registrering av kakejern i Lesja gjennomført av historielaget ved Odd Reidar Hole. Boka er rikt illustrert og tek for seg utviklinga av kakejerna frå tidleg middelalder og til i dag med ei særleg vekt på dei handsmidde kakejerna frå 1700-talet som det finst så mange av her i bygda. Forfattaren av boka er Bjørg Nordset. Ho har sterk forankring i mattradisjonen i Lesja, og har i mange år jobba som heimkunnskapslærar. Ho var redaktør for boka «Mat frå gard og grend» som har kome i tre opplag og som enda er å få.

Kakejern eller bakstjern har røter i forhistorisk tid og er gjennom tidene blitt brukt til å lage nattverdsbrød, men også kaker til fest og høgtid. Framleis er vaffeljernet flittig i bruk, og for mange blir det ikkje jul utan goro og krumkaker. I Lesja vil vi dessutan gjerne ha avletter og skrivabrød, og her fanst det frå gamalt gjerne fleire kakejern på kvar gard. Boka tek for seg utviklinga både av kakejerna og kakene og viser kva for rik kulturtradisjonen kakejerna representerer både i smedkunst og matkunst. Så langt vi har kunna finne ut, er det første gongen denne kulturtradisjonen er kome i bokform. Bildet nedanfor viser forfattaren i sving med eit vakkert handsmidd aposteljernet ho har  arva og som har vore samanhengande i bruk i 2-300 år.

 

_mg_3440

Boka blir lansert i Hattremstugu under «Jul i tunet» på Lesja Bygdemuseum laurdag 26. november kl. 12.00. Der blir det boksalg, og boka vil i første omgang også bli seld i lokale butikkar eller direkte hos Lesja Historielag. Boka kostar kr. 300 , dersom du ynskjer å få boka tilsendt, kjem porto i tillegg. Boka kan bestillast hos Lesja Historielag, Kolstadteigen 4, 2665 Lesja eller på e-post oddvar@fjellnett.no

4 kommentarar to “KAKEJERN”

  1. Chat Conversation Start
    9:53AM
    Greetings Lesja! My great, great Grandfather Jacob Svendsen Bjokne immigrated to Dovre Wisconsin, US in the late 1870’s. His father was Svein Sveinsen Bjokne born 1799. Our last name was changed to Jackson. I with my wife and daughter will be traveling to Norwary in mid June of this year. We will be making a stop to Lesja on June 20. I would very much like to visit the land of my forefathers as well as connect with any living relatives! Please forward me any contact information pertaining to individuals or organizations who can help me make the connections I seek. Thank you so much! Paul Jackson p66jackson@gmail.com

  2. Helga Marie Mortensen sa:

    Hei, jeg vil gjerne kjøpe et eksemplar av boka Kakejern. Kan dere hjelpe meg?

  3. hei det var et fantastisk program sommer opent i fra Dombås, 7/7-17 der Bjørg Nordset fortalte om gammle tradisjoner.
    vil gjærne kjøpe boka om Kakejern. jeg har noen riktig gammle kakejern som jeg kløpte på auksjon en gang. det har hvert artig og tatt de i bruk. tusen takk.
    Send boka i oppkrav til
    Jan Aarøen
    Einangveien 18.
    6600 Sunndalsøea.
    95733089.
    Ha en god sommer

  4. jørn kvisberglien sa:

    Kan dere sende meg den boken. Jørn kvisberglien
    Gudbranddalsveien 224 2619 Lillehammer.
    Ta kontakt på mail så vipser je betalingen til dere.

Skriv ein kommentar til jan aarøen 6600 sunndalsøra