Historielaget i coronaåret 2021

Som for mange andre lag og foreiningar er aktiviteten i historielaget noko hemma av smitteverntiltak. Vi har ikkje arrangert kveldsseto etter 10. mars og årsmøtet 2020 vart utsett til i mai. No er også årsmøtet for 2021 utsett på ubestemt tid, men vi tek sikte på å avvikle det så snart det let seg gjera utan å koma i konflikt med smittevernreglar. Heldigvis har vi i Lesja vore forskåna frå coronasmitte så langt, og no er vaksineringa godt i gang, så da får vi håpe at livet snart er attende i vante former!

Ikkje all aktivitet i historielaget er blitt hemma av coronaen. Omvisninga på Lorkvenna gjekk som normalt sist sommar, og besøkstala har aldri før vore så høge! Årboka kom også ut til jul som normalt. I løpet av året vart det klart at Tor Einbu og Odd Reidar Hole ønskte å tre ut av skriftnemnda etter ein imponerande innsats gjennom mange år. Skriftnemnda er «sjølvrekrutterande», og vart komplettert med Peder Bjorli og Marit Tordhol. Hans Enstad, Rolf Sørumgård og Oddvar Romundset held fram.  Inntil vidare tek Oddvar over som redaktør etter Tor.

Verkensstugu på Filling fekk også ei dugeleg oppgradering sommaren 2020. Den er nå inngjerda med flott skigard av vyrkje vi fekk levert av Rune Nørstegård. Tomta er tilrettelagt som rasteplass både ute og inne, Der er bord og benker, bålpanne og kokekar. Det som står att er skilting og informasjonstavler, noko vi håpar å få på plass i løpet av sommaren.

Skriv ein kommentar