Gjestebok

Skriv eit innlegg

 
 
 
 
 
 
 
Felt markert med * er obligatoriske.
Heidi Pram skreiv 17. juli 2012 kl. 14:06:
He igjen!!
Om den før nevnde staden "Utheim".
Sundag var eg på Fjellmuseet i Lom, og i eit av utstillingsromma der, hang det eit gamalt kart over Lesja, meiner det var frå 1851. Frå Lesja, vestover, stod "Kolstad, Hogsvål, Steine, Hole, Lida, også opp for Lida stod det eit navn, og eg meiner det måtte stå "Utheim". Vanglykkja stod ikkje. Sjølv med briller var det vanskeleg å lese, men meiner bestemt det stod Utheim. Prøvde å fotografere men vart for uklart og mykje refleks frå glasplåta framfor kartet. Skal ta med forstørringsglas neste gong!

MVH Heidi Pram
heidi pram skreiv 12. juli 2012 kl. 12:16:
Hei! Har tidlegare nevnt dette for nokon i styret, mor avtala å møte Odd R Hole for å syne han denne staden, men dei gjekk i miss, var før mobiltlf-tida.
Ogofor Vanglykkja er det merker etter ein heim, som ikkje er nevnt i bygdaboka. Staden heitte "Utheim" Det er blitt fortald at Erik Steine var inne her og fekk traktering, "rummklining" medan han gjette. Det er vel truleg den Erik Steine som var født i 1832, kanskje var dette da i 1845-50??? Staden er opp og østafor Lia-åe, der to bekkefar går saman til eit. Hugsar at eg som liten var med og såg restar av steinmur, men staden er attgrodd med eine. Synes at denne staden/heimplassen må skrivast om, da den ikkje er nevnt i bygdaboka. Kva folk som budde her har eg aldri høyrt om. Rart at det ikkje er "hol" i slektshistoria der desse folka høyrer heime.Ved høve kan eg vere med å syne der eg hugsar at denne staden var. Truleg er det ein av Bellegardane som eig skogteigen der dette var.

MVH Heidi Pram
Arnfinn Kjelland skreiv 16. april 2012 kl. 18:36:
På foredraget på årsmøtet la eg att eit A4-ark med lenker til nyttige nettstader for leiting etter slekt. Eg har no òg lagt ut dokumentet her: http://tilsett.hivolda.no/ak/Lesja/Lenkesamling_slektsgransking.pdf

Og for dei som er interessert, har eg lenge hatt ei eiga nettside for bygdeboka: http://tilsett.hivolda.no/ak/Lesja/Index.html
Arnfinn Kjelland skreiv 30. mars 2012 kl. 07:57:
Da kjem eg som nr 2, og vil takke for eit kjekt årsmøte i går kveld. Det er eit imponerande aktivitetsnivå i laget, slik årsmeldinga viser.

Eit tips: legg lenka til lokalhistoriewikien i høgremargen rett til Lesjastoffet: http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Forside:Lesja_kommune
Oddvar Romundset skreiv 15. mars 2012 kl. 20:40:
Da blir eg første gjest i gjesteboka vår!
Eg vil ønskje alle velkomne til å skrive helsingar i gjesteboka.Vi håpar at heimesida vår etter kvart kan bli ein møteplass for medlemmene våre og andre som er interessert i lokalhistorie!Fortel gjerne om ting du er oppteken av og som er relevant for historielaget og kom gjerne med synspunkt på det vi driv med.