Dugnadsfest – møllarfest

Alle som har gjort ein dugnadsinnsats for Lesja Historielag  på Lorkvenna,i turstigen, med årboka eller andre prosjekt, er hjarteleg velkomne til dugnadsfest i steinfjoset i Jønsonbrenna fredag 22. januar kl. 19.00. Vi har eit allsidig program med musikk og sang, overraskande besøk, talar og mykje anna. Det blir servert gløgg med og utan, rømmegraut og spikjemat, kaffe og kaker. NB! Påmeldingsfrist måndag 18. januar. Påmelding til tlf. 480 43 824 /61243186. Om innsatsen har vore stor eller liten – vi oppfordrar alle til å melde seg og lovar det skal bli ein triveleg kveld i spesielle omgivnader. Nedanfor er eit tilfeldig utval av bilete frå ulike dugnader i året som gjekk.

Tilfeldig utval av bilete frå ulike dugnader i året som gjekk.

Frå matkulturkveld på Joratunet

005 050

P1060276

Dugnadsarbeid på Lorkverna

Skriv ein kommentar