Dugnadsfest i Jønsonbrenna

Den tradisjonelle dugnadsfesten i historielaget gjekk av stabelen i Jønsonbrenna laurdag 4. februar. Festen var annonsert i Vigga og alle som har gjort ein innsats for  historielaget var invitert. Vi var 26 personar til bords og etter ein kopp varm gløgg, vart vi ynskt velkomne av leiaren i laget, Oddvar Romundset. Han takka for innsatsen i året som var gått og nemnde spesielt Lorkvenna og alt arbeidet som blir gjort der av dugnadsfolk og ikkje minst av «møllarane» som viser rundt og demonstrerer kverna og stampa heile sommaren. Han nemnde også turstigen, kolbrennarkoia, tørstugu og alle kulturarrangementa historielaget har hatt i året som gjekk. Det krev ein stor innsats av styret og mange andre som stiller opp for oss. Årboka som kjem ut kvart år er også eit stort dugnadsprosjekt. I år har vi i tillegg gjeve ut bok om kakejern, og det vart retta ei særleg takk til forfattaren Bjørg Nordset og Odd Reidar som har registrert kakejerna.

Etter velkomsten var det festleg visesong og gode skrøner framført til gitarakompagnement av totningen Jon Inge Vesterås  –  eit hyggeleg bekjentskap som skapte god stemning i festlyden! Deretter song vi Lesjasongen unisont før det vart servert kjøtsuppe og steinomnsbakt brød. Kjersti Åvangen Flittie hadde teke på seg å koke suppe og bake brød, og begge deler smakte fortreffeleg. Stor takk til henne! Deretter vart det servert kaffe med kringle og kaker som damene i styret hadde ordna med. Kaffen vart kokt i storkjel på den enorme peisen i steinfjoset.

Etter serveringa, fekk verten vår, KM Bjørneby ordet og han fortalde med ord og bilde om jordbruket i Jønsonbrenna. Satsningsområdet i 2016 var tradisjonell dyrking av bygg og lin, og han gjekk særleg inn på arbeidet med skuronna, truskinga og ikkje minst kastinga av kornet. Han kunne notere seg for ei avling på 32 kg bygg etter fleire dagars kraftinnsats av storbonden sjølv og eit par assistentar med stor fagkunnskap!

Til slutt vart det på oppfordring servert ein del gode historier og dryge skrøner av dei frammøtte. Gapskratten sat laust og det var i det heile ein storarta kveld for oss som var møtt fram. Vi avslutta kvelden med unison framføring av «Jeg snører min sekk, eg spenner mine ski», noko som tyder på at optimismen rår grunnen i historielaget!

Skriv ein kommentar