Bruopninga 15. juni.

Lesja Historielag hadde offisiell opning av brua ved Lorkverna 15. juni. Bort imot 200 personar møtte fram og var med da Magnus Jøndal markerte opninga ved å klippe eit sløyfeband som var spent tvert over midt på brua. Deretter gjekk alle over brua og sessa seg på benker og medbrakte campingstolar ved Lorkverna. Kjøremgrenda musikkforening spela festleg hornmusikk, Jan Stavheim las dikt og leiaren i historielaget, Oddvar Romundset fortalde om brubygginga og om andre prosjekt historielaget arbeider med. Einar Utgaard helsa frå Lesja Bygdemuseum, eigarstiftinga, og frå kommunen, og hadde med ei gåve på 10.000 kroner frå kommunen. Gunnar Storhaug helsa frå Lesja Bulldoserlag, og hadde med eit gåvebrev på grus og transport m.m. på 6.500 kr. Det var også kome helsingar frå Eldri og Benne Storhaug, Statskog v/ Trond Berger og frå Jora Bygg og Laft.

Gunnar Åvangen helsa frå DNB og Sparebankstiftelsen og overrekte ein sjekk på 200.000 kr til opparbeiding av ein natur og kultursti på nordsida av Lora elv.

Etter programmet kunne Rolf Sørumgård og Eldri Riise by på jordgropsteikte lammelår med brød og salat, heimebrygga øl, kaffe og spesiallaga brukake frå Dombås bakeri.  Maten fall i smak, og veret var vakkert, så dei fleste gav seg god tid og vart verande til langt ut på kvelden.

Brua pynta til fest

Brua pynta til fest

Skriv ein kommentar