Årsmøtet 2016.

Til årsmøtet 2016 møtte 29 medlemmer. Jan Stavheim opna møtet med å lesa dikt med lokalhistorisk innhald. Han las både eigne dikt og dikt av andre lokale lyrikarar, det var stemningsfullt og interessant og vart vel motteke av forsamlinga.

Det formelle årsmøtet vart gjennomført utan store overraskingar. Heile styret og alle tillitsvalde tok gjenvalg. Einaste endringa er at Hans Enstad vart erstatta av Ola Slettum i valnemnda. Årsmelding og rekneskap vart godkjend utan merknad. Namna på dei tillitsvalde og årsmeldinga er lagt ut på heimesida under «Om oss».

Årsmøtet vedtok ein ny paragraf om Lorkverna og drifta av den i vedtektene for laget . Leiar Oddvar Romundset orienterte om planane for sommaren og om dugnadsprosjekt som er på gang. På forsommaren er det planlagt offisiell opning av turstigen som no er fullført. Ca. 2. juni blir det kulturkveld i Jønsonbrenna og 11. juni er det planlagt tur til Romsdalsmuseet. Lesja har ansvaret for jonsok på Maihaugen i år, og vi i historielaget har sagt oss viljuge til å delta med eit innslag. Den 16.-23. juli er det Markens Grøde, og temaet i år er sau. Historielaget vil truleg ha tradisjonelt opplegg på Lorkverna med spesielt fokus på stampa og kanskje med servering av jordgropsteikt lammelår. Markdag vart også nemnt.

Elles satsar vi på å skaffe ein god talar til den tradisjonelle Olsokfesten og vi vil delta i markeringa av 100-årsminnet for rasulykka på Kabben som romsdalingane skal arrangere i august. Vi arbeider også med planer om å markere at det er 75 år sidan Gautsjøulykke, og i samarbeid med Lesja Dialekt- og mållag vil vi få til eit arrangement med fokus på språk og da sjølvsagt spesielt lesjamålet. Vi har fått lovnad frå Tor Erik Jenstad, språkmann, forfattar og musikar frå Sunndalen, om at han vil vera med på dette møtet.

I tillegg til dei faste dugnadsprosjekta på Lorkverna med vedlikehald og omvisning, vart nemnd ferdiggjering av tørstugu, restaurering av ei kolbrennarkoie ved turstigen og oppsetting av vasshjul ved Nebba. Dessutan har vi planer om å få i gang dugnadsarbeid med jernverksminna på Lesjaverk og kulturstigen i Gruvlie. I tillegg til årboka har vi to bokprosjekt på gang, bok om kakejern i Lesja og bok om rosemåling. Vi har no god tru på fortgang i dette arbeidet.

Det var 9. klasse ved Lesja skule som tok seg av serveringa på møtet for å tene pengar til klassetur. Under kaffien var det loddsal og mykje god prat. Deretter samla vi oss på auditoriet til eit interessant foredrag om fisking i Lesja ved Per Jordhøy. Leiaren takka til slutt for frammøtet og Jan Stavheim og Per Jordhøy fekk kvar sitt Lorkvernkrus til takk for at dei var med og gav årsmøtet eit løft!

 

Skriv ein kommentar