Årsmøte onsdag 16. mars kl. 19.00

DSC01056

Lesja Historielag har årsmøte på biblioteket, Lesja skule, onsdag 16. mars kl. 19.00. Sjå annonse i Vigga og plakatar!

Det blir tradisjonelle årsmøtesaker med årsmelding, rekneskap, innkomne saker og valg, og det blir orientert om planene for 2016.

Vi kan dessutan lova møtelyden eit svært interessant foredrag. Per Jordhøy arbeider med ei bok om fisketradisjonar i Lesja. Som mange veit har bygdefolk til alle tider henta store matressursar frå fjellet i form av fisk. Per har samla mykje kunnskap om dette, og han er interessert i å få innspel til arbeidet sitt, så vi oppfordrar spesielt alle som har fiskeerfaringar om å møte fram.

Det blir servering av kaffe/te med nogo attåt, og det blir sett av god tid til fiskeprat og annan prat. Det blir også loddsalg med fine gevinstar  –  dersom du ikkje har sikra deg Lorkvernkoppen frå før, har du sjansen til å vinne ein av dei få som er att!

(Biletet ovanfor er ikkje frå årsmøte, men frå ein særs vellykka dugnadsfest vi hadde i Jønsonbrenna den 22. januar.)

 

Skriv ein kommentar