Årsmøte i Lesja historielag.

Årsmøtet vart halde på Lesja bibliotek torsdag 29. mars klokka 19.00.  Årsmelding og rekneskap vart godkjend. Bjørg Einbu og Arnfinn Sønstebø hadde sagt frå seg i styret, og Eldrid Riise og Magnhild Lia vart vald inn i styret for to år. Oddvar Romundset vart attvald som leiar for eitt år til. Fullstendig referat frå årsmøtet vil bli lagt ut seinare.

Etter årsmøtet heldt Arnfinn Kjelland eit interessant foredrag med tittelen : Slektsgransking i ei digital samtid.  Han viste kor lett det no er blitt for alle å nå dei viktigaste kjeldene for slektsopplysningar på nettet.

Skriv ein kommentar