Årboka 2019

På framsida, bilde av ein brakteat, ein slags mynt frå 1300-talet som vart funnen under utgravinga på Verket ved Slådalsvegen i sommar.

I Lesja Historielag er vi både stolte og glade for at vi enda ein gong har ei årbok klar til jul. Dette er den 36. i rekkja av årbøker, og samla dekkjer årbøkene våre mykje av den allmenne bygdehistoria for Lesja. Årets bok liknar dei tidlegare ved at ho inneheld ny og original historieskriving både frå fjern og nær fortid. Her møtest faghistorikarar og vanlege bygdefolk med sine forteljingar, og det er slik vi ønskjer det skal vera. Årboka skal vera historie for folk flest fortald av folk flest!

Korn og korndyrking var tema for arrangementa under Markens Grøde i sommar. I tidlegare tider var kornhausten avgjerande for liv og velferd for folk i Lesja, og for oss i historielaget har dette sett sitt preg både på aktivitetane i sommar og på årboka.

Lokale hendingar under siste verdskrigen har alltid vore viktig i årboka vår. Slik er det også i år –  her er autentiske forteljingar frå dei som opplevde krigshandlingane, og her er viktige vedtak frå statsråd på Stuguflåten i 1940. Ikkje utan grunn blir Stuguflåten Hotell lansert som det viktigaste nasjonale kulturminnet i Lesja i den nyleg vedtekne kulturminneplanen.

At barnehagen kom til Lesja, er også blitt historie. Det var i si tid ei storhending som skapte både glede og konflikter i bygda. I dag er det lett å sjå at dette innevarsla ei ny tid som etter kvart førte til store endringar i oppvekstmiljøet for barna våre.

Forteljingar om menneskelagnader og arbeidsliv i bygda er med i år som tidlegare. Ny kunnskap frå dei arkeologiske utgravingane ved massefangstanlegget på Verket blir presentert, og vi blir kjent med nordlysobservasjonar som vår verdskjende astronom Sigurd Einbu foretok.

Og sist, men ikkje minst, inneheld årboka stoff om det som skjer på kulturvernområdet i Lesja, i historielaget og på bygdemuseet.

Av dei 36 årbøkene våre har Tor Einbu redigert halvparten, dvs. dei siste 18! Dette er ein kulturinnsats det står all respekt av og som vi har all grunn til å takke han for. Vi ønskjer han til lykke med nok ei vellykka årbok og håpar at mange vil finne glede i å lesa boka.

Skriv ein kommentar