Årbok for Lesja Historielag 2014 kjem i salg denne veka.

Vi siterer frå redaktør Tor Einbu sitt forord i boka:

Sentralt i år står 1814-jubileet. Vi ser på nokre av dei store linene for landet vårt i dei historiske hendingane dette året, men mest ser vi på det som skjedde lokalt den gongen da Lesja prestegjeld også omfatta Dovre og Øvre Folldalen. Her var det eit betydeleg lokalt engasjement sjølv om ingen frå bygdene våre kom heilt til Eidsvoll.

På årsmøtet vårt i år fekk vi høyre om arbeidet med ei pilegrimslei frå Valldal gjennom Lesja til Fokstugu. Dette og meire til er medkome i årboka. Vi får også ein gjennomgang av folketradisjonane om Heilag Olav, og vi får innsyn i verknader Heilag Olavs verk, både lokalt og nasjonalt.

Artikkelserien om kverner og sager held fram. Dette er den fjerde i denne føljetongen, og nå har vi kome til Lesjaverk. Registreringa fører til mange fine turar. I år er det Lågen frå Lora og nordover som har vore turterrenget.

Mange av artiklane handlar om korleis livet vart levd i Lesja for nokre år tilbake. Gjennom dagbøker og erindringar frå ulike menneske får vi innblikk i kvardag og arbeidsliv, krig og kriser, og korleis dette arta seg i bygda vår. Vi har også med minne frå fangst, fisking og friluftsliv. Eit beinbrot i fjellet i uvegsamt terreng er skildra.

Dei fleste artiklane er skrive av engasjerte amatørar som har gode historier å fortelja. Heldigvis har vi også med oss faghistorikarar som kan å behandle historisk stoff på ein profesjonell måte. Det er slik lokalhistorie skal vera; vi skal ta vare på forteljartradisjonen samstundes som vi skal halde kontakt med fagmiljøa.

Det er all grunn til å sikre seg eit eksemplar, og dette er den ultimate julegåva til utflytta lesjingar  –  boka kostar framleis berre 200 kr! 006

Ein kommentar to “Årbok for Lesja Historielag 2014 kjem i salg denne veka.”

  1. Doc sa:

    burak / 14 Ocak 20ak1/a>merhabal1r,es<i video haberlere (konsolussu.haber basligi altindaki) ve eski video incelemelere ((konsolussu.inceleme basligi altindaki) ulasamiyorum. Ilk sayfada listelenen en eski haber videosu 7 ocak’a, en eski video inceleme ise kinect’e ait. Yaklasik iki haftadir siteyi takip edemiyordum. Kacirdigim yerden itibaren yayinlanan tum videolari izleyeyim dedim ama boyle bir problemle karsilastim.iyi calismalar.Cevaplamak için giriÅŸ yapın

Skriv ein kommentar