Årbok 2018

Årboka er no komen frå trykkeriet og elevane i 6. klasse ved begge skulane i bygda er i gang med salget. Boka vil også bli å få kjøpt i Bellestugu under «Jul på tunet» 1. desember. Over helga vil Årboka også vera å finne i lokale butikkar.

Boka fokuserer i år på tre lokale kulturpersonar, det er årets kulturprisvinnar, Audun Høgbrenna, spelemannen Magne Bø og målaren Thor Selsjord som kvar på sin måte er sterke representantar for bygdekulturen på sitt beste. Talemålet vårt, Lesja-dialekta, er ein kulturskatt vi skal ta godt vare på. Men dialekta er også i endring, og Margit Hågå har ein svært interessant artikkel om det.

Utgravinga av massefangstanlegget på Verket ved Slådalsvegen i sommar har naturleg nok fått ein stor plass. Det er ei arkeologisk storhending i bygda. Fjorårets sensasjonelle sverdfunn på Gråhøe har ført til leiting etter gamle ferdselsvegar der vi har brukt Snorres kongesoger som vegvisar  –  eit spennande prosjekt som vi har arbeidd med i samarbeid med Reidar Marstein i Lom.

Bygdekvinnelaga er og har vore viktige kulturinstitusjonar på bygdene  –  i 90 år har Lesja bygdekvinnelag drive sitt arbeid, og vi må bli imponert over innsatsen deira. Lesjaskog mannskor hadde si glansperiode i åra etter krigen. Lesesirklar bidrog til folkeopplysning og underhaldning. Her er krigsminne og ulykker, ungdomsdans, generasjonskifte på gardane og mykje meir. Og ikkje minst ein interessant artikkel om Leirmo mølle som hadde ein viktig og nødvendig funksjon i næringslivet for nokre år sidan. Og innimellom artiklane er boka krydra med dikt og historier frå vår ordhittuge døl og poet, Audun Høgbrenna. God lesnad!

 

 

 

Skriv ein kommentar