Akevitt og ost i Jønsonbrenna

Torsdag 21. juni arrangerte Lesja Historielag  for tredje året på rad ein kulturkveld i Jønsonbrenna der temaet var mat og drikke. I år var det vinmonopolets fremste akevittekspert, Halvor Heuch, som  heldt eit interessant foredrag om akevittens historie. Det gamle fjøset i Jønsonbrenna var meir enn fullt av interesserte tilhøyrarar.

Etter foredraget benka gjestene seg i tunet der dei fekk kjøpt talerknar  med ost frå Avdem gardsysteri med ymse tilbehør arrangert av Bjørg Nordset. Til osten hadde Halvor Heuch  vald ut spesielle akevittar og øl frå vinmonopolet, og historielaget hadde for anledningen ordna seg med skjenkeløyve så alle kunne få ein smak.

Veret var med oss denne kvelden, så stemninga var på topp rundt borda. Ein stor takk til verten på Jønsonbrenna, KM.Bjørneby, for det arbeidet han legg ned i desse kulturkveldane og for at han gjestfritt stiller tunet sitt til disposisjon for historielaget!

Skriv ein kommentar