400 år sidan «Skottetoget» i Lesja og Dovre

Historielaga i Lesja og Dovre står som arrangørar av ei markering av at det er 400 år sidan «skottetoget» gjekk gjennom bygdene våre og vart nedkjempa ved Kringen av «bønder frå Vågå, Lesja og Lom». Den fremste leiaren for bøndene var bondelensmannen i Lars Hågå i Lesja og Dovre. Vi vil derfor ha eit særleg fokus på han.

Møte fram på Toftemo Turiststasjon torsdag 16. august klokka 19.00.   Inngang kr. 100 inkl. kaffeservering.

Egil Ulateig vil fortelje og reflektere omkring dei historiske hendingane. Knut Kjøk vil kåsere og spele slåttar som er inspirert av skottetoget og slaget ved Kringen. Ingeborg Dalheim vil syngje  Sinclairvisa av Edvard Storm akkompagnert av Sigrid Sørumgård Botheim.

Vel møtt !

Skriv ein kommentar